| Frå oppturen til Molden. |
Molden 1116 moh til Marifjøra
UTM: 32 V 0409932 68002396, 1116 moh
Lengde: 6.5 km
Høgdeskilnad på stisykling: 986 høgdemeter
Vanskelegsheit grad: Dobbel svart
Opptur: Frå Molden parkeringa på Mollandsmarki (32 V 0407511 6801137, 515 moh) følgjer ein skilt og raudmerka sti ca 4 km til Molden. Høgdeskilnaden er 600 høgdemeter. Det er ein kortare bratt passasje, ca 100 meter, der ein må bære sykkelen.
Nedtur: Følg skilt og raudmerka sti ned til Marifjøra via Svolsete. Når ein kjem ned til garden på Grindhaug (130 moh) blir det eit kort stykke grusveg. Ein tek av frå grusvegen og følgjer skilta og raudmerka traktorveg ned til Marifjøra. Stien avsluttar like ved avkøyringa til Marifjøra (32 V 0409366 6806445, 22 moh).
Avslutt turen på Kafe Marifjøra eller i godstolen på trappa til Tørvis Hotel med noko kaldt å drikke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar